Å sjå på gamle foto er alltid interessant. Kring 1990 arrangerte kulturkontoret i samarbeid med Statsarkivet i Stavanger innsamling av gamle foto i alle skulekrinsane i Tysvær. Mange tysværbuar kom då med fotoalbuma sine.
Til saman avfotograferte ein ca 2000 bilete med mange flotte motiv. Også seinare har ein motteke gamle foto som er blitt avfotograferte. Mange av bileta er brukte i bygdebøkene. Her er bilete frå fest og kvardag, leik og arbeid, samferdsel og møter og mykje meir. (kilde: nettsider Tysvær kommune).
Tysvær Historielag overtok biletarkivet til Tysvær Bygdeblad, ca 3500 bilder. Disse blei scannet og arkivert i løpet av åra 2011 – 2014 og publisert under Tysvær bibliotek sitt digitale arkivsystem.
Du kan sjå alle bileta på Tysvær Bibliotek si heimeside.