Lokalhistorie for Tysvær og Bokn
Tysvær historielag, Bokn historielag og Nedstrand museums- og historielag er nå utgjevarar av VINGESPENN som i år kjem ut for 8. gongen. I år er hovudtema skulehistorie. Vi vil i boka omtala alle skular som blei etablert i Bokn og Tysvær frå dei fyrste faste skulane kom på 1860 talet og fram til 1960 talet. Vi har registrert skular som dei aller fleste i dag ikkje kjenner til! I tillegg til korte omtalar av kvar skule, meir enn 30, er der mange historier knytt til skulane. Elevar fortel om skuletida si, vi får høyra om helsetilstanden frå ein skulelege, dramatisk foreldreaksjon mot lærar og tragisk drukningsulukke i skuletida på Stegaberg mellom anna. Vi kan og konstantera at det alltid har vore strid om skuleplassering, skulenedlegging og andre skulespørsmål. Her kan dagens skulepolitikarar hauste erfaring og lærdom!
Det er også andre spanande artiklar i årets Vingespenn. Kven var Bernt Brattammar som overlevde Titanicforliset for 110 år sidan? Visste du at kjøpmann Sampson, han som bygde det som i dag er Amanda Hotell i Haugesund, i si tid budde på ein husmannsplass på Stakkestad. Du kan lesa om hekser og skarprettaren på Nedstrand. Du kan få vita om Norsy på Nedstrand og i Førre og industribygda Sagbakken. Frå Bokn blir vi kjent med Litle-Lars, haugianarar frå Kro og Grieg si komponisthytte. Nyare historie er om Bokbilen i Tysvær. Vi har også fått med ei fin historie med barndomsminne frå Hervik.