OM OSS

Tysvær Historielag og Nedstrand museum- og historielag samarbeider.

Styret blir vald på årsmøtet, som blir avhaldt i mars kvart år.

Her kan du sjå eit utval av det laget har arbeidd med dei siste åra.  https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Tysvær_Historielag

Vedtekter for Tysvær Historielag (rev.2018)

§1

Namnet er Tysvær Historielag

§2

Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie ved å samla inn og ta vare på historie og tradisjonar som kan fortelja ettertida om dei vilkår folk i Tysvær og tilstøytande bygdelag har levd under gjennom tidene.
For å nå dette målet skal laget samla inn skriftleg og munnleg materiale, bilete, tradisjonar og minneoppgåver, stadnamn og ord som er eller har vore i dagleg bruk i lokalsamfunnet

§3

Laget kan ved årsmøtevedtak slutta seg til eller melda seg inn i andre lag som har same føremål som Tysvær Historielag.

§4

Alle kan verta medlem av laget ved å betala den årskontingenten  som årsmøtet til ei kvar tid har fastsett.

§5

Laget skal ha eit styre samansett av leiar og 4 styremedlem med 3 nummererte varamedlem valde av årsmøtet.  Leiar og styremedlem vert valde for 2 år. Fyrste val vert etter loddtrekning.  Varamedlemmene vert valde for 1 år. 
Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, kasserar, skrivar og anna som kan vera tenleg for drifta av laget.  Fyrste varamedlem skal alltid kallast inn til styremøta.  Utanom styret skal det veljast 1 revisor og ei valnemnd på 2 personar. Styret gjer framlegg om valnemnd.  Desse vert valde for 2 år av årsmøtet.

§6

Spreiing og publisering av materiale som er samla inn i laget sin regi, kan ikkje gjerast utan løyve frå styret.

§7

Årsmøtet skal haldast kvart år i fyrste kvartal. Framlegg til saker må fremjast for styret innan 15.01.  Alle medlemmer har rett til å ta opp saker direkte på årsmøtet,  men for å gjera bindande vedtak i ei sak, må saka fyrst vera handsama i styret. 
Innkalling til årsmøte skal sendast ut minst ei veke før møtet.

Faste saker på årsmøtet:
1. Årsmelding
2. Revidert rekneskap
3. Fastsetjing av årskontigent
4. Val

§8

Styret eller ei gruppe på minst 1/3 av medlemmene, kan kalla inn til ekstraordinert årsmøte.
Eit slikt møte kan berre avgjera saker som i brevs form er gjort kjent for medlemmene med minst ei vekes varsel.

 

Endring av vedtektene kan berre gjerast ved ordinært eller ekstraordinært årsmøte.  Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemmene  på møtet.

§10

Dersom Tysvær Historielag vert lagt ned, skal Tysvær kommune v/Kulturkontoret ta vare på det materialet og dei midlar laget rår over og stilla det til disposisjon dersom det vert stifta eit nytt lag med same eller liknande funksjon i kommunen.

Vedtektene blei endra på  årsmøtet i 2018

Styret:

Atle Heskja, leiar og kasserar

Dagfinn Silgjerd, nestleiar

Marit Tvedt, sekretær

Bjørn Nedrebø, styremedlem

Tone Kringeland, styremedlem

Vara:

Kirsten Synnøve Rolland 

Tore Birger Langelandsvik Erland

Willy Strømø

Til vanleg har ein styremøter 6-7 gonger årleg.

Forslag til saker kan sendast til styreleiar.

Kontaktinformasjon:

Atle Heskja, atle.heskja@haugnett.no, telefon 95422648

Vingespenn 2021

Historielaget si årbok, Vingespenn, i samarbeid med Nedstrand museum- og historielag kjem ut kvart år.

Redaksjonen blir vald av styret.  Redaktør er Hartvig Waage, hawaage@online.no

Framlegg til artiklar kan sendast redaktøren.

lagt til handlevogn