Vingespenn 2020

Vingespenn 2020

Utdrag av omtale av Vingespenn 2020 i Tysvær Bygdeblad 29.10.2020

Dei tidlegare bøkene har fåttmykje skryt for sitt spenn, variasjonar over både tema og aldersperspektiv. Årets Vingespenn er av same gode kvalitet.

Ein kan for eksempel lese om korleis det var då Statoil etablerte seg på Kårstø og kom i gang med gassproduksjonen der for 35 år sidan.

Det kan virke som om det var i går, eller for 100 år sidan, alt etter kor du er i livet, men interessant og overraskande er det å lese om dette eventyret.

Eit anna historisk augneblikk som er i boka er at det i år er 40 år sidan me blei ramma av Alexander L. Kielland ulykka. Tysvær var ein av dei kommunane som blei ramma sterkt.

Som sagt er innhaldslista lang. Det er funne plass til ei rekke jubileum: Førre Trevare er 70 år, Tysværvåg og Straumen skular har 50-årsjubileum.

Aksdal kyrkje er 25 år. Så er det kjekt å mimre og sjå bilete av alle bedehusa og ungdomshusa i Tysvær.  Ein ting som underteikna synst er ekstra kjekt i slike bøker er fl eire streke historier om og av personar frå eldre, og nyare tider.

Dette er ei bok som bør kunne få ein plass i mange heimar, som ei bok ein kan ta fram med ujamne mellomrom. For å minnast, men også for å lære.

Tysværbuen skal vere glade for at det blir gitt ut slike bøker også i vår digitale tid. Og utgivarane kan allereie nå love at det kjem ei ny bok i 2021.

Gode historier går ein aldri tomme for. Det skal me vere glade for.

Alf-Einar Kvalavåg/Redaktør Tysvær Bygdeblad

What do you want to do ?Copy

What do you want to do ?Copy

02.11.2020 14.00