Vi skriv 2019, og Vingespenn kjem ut for femte gong! Då vi starta opp i 2015, blei det vurdert om vi kunne skaffa nok stoff til ei bok kvart år. Kanskje vi skulle leggja opp til annakvart år? Resultatet blei at Historielaget ynskte å satsa årleg. Erfaringane så langt er at det er nok stoff. Vi har mykje på vent, og heile ni artiklar er alt utsett frå 2019 til 2020. I tillegg har vi mange titlar på lager! Nytt av året er at Nedstrand Bygdemuseum er blitt ein del av Haugalandsmuseet. Laget som dreiv museet har difor endra namn til Nedstrand museum- og historielag. Dei vil samarbeida med Tysvær historielag om VINGESPENN, og er medutgjevar.
«Livet forstås baklengs men må leves forlengs». Den danske og verdskjente filosofen Søren Kierkegaard er ikkje minst kjent for dette visdomsordet. Han var ein eksistensialist som la stor vekt på at menneska har ansvar for eige liv og fridom til å velja. I si helsing skriv vår biblioteksjef, Lillian Rushfeldt, at Vingespenn er ein del av vår lokale hukommelse. Vi i Historielaget meiner det er viktig å kjenna historia i Tysvær for å kunna gjera gode val for samfunnsutviklinga. Vingespenn kunne såleis vera ein viktig del av folkevaldopplæringa. Ikkje minst no når vi har fått mange nye folkevalde i Tysvær. I årets Vingespenn kan ein få innsikt om korleis ein tenkte god og effektiv kommunikasjon. Til dømes blei Aksdal skysstasjon oppretta for ca 150 år sidan. Gamle stadnamn som lett hamnar i gløymeboka, er viktige for å skapa lokal identitet og få meiningsberande og gode namn på nye vegar, buområde med meir. Korleis vaks det fram næringsverksemder rundt om i Tysvær? Og ikkje minst i desse tider; korleis starta utviklinga av nye Aksdal for 35 år
INNHALD
Aksdal Senter 35 år Av Reidar Nordmark
Aksdal skysstasjon Av Meike Baumgart
Skysstasjon og skoleflytt i Straumen Av Gaute Nereng
Vordeneset Billag Av Synnøve B Bjelland
Prestevegen mellom Søvik og Amdal Av Hartvig Waag
Tysvær prestegård Av Tore B. L. Erland
Lensmannsgarden på Årvik Av Vidar Aarhus
Gardsnamn og andre stadsnamn frå Nedstrand Av Kåre Bakkevig
Lensmannsgarden på Årvik Av Vidar Aarhus
Gardsnamn og andre stadsnamn frå Nedstrand Av Kåre Bakkevig
På jakt etter gamle stedsnavn i nytt Skeiseid boligfelt Av Åse Vigdis Hallingstad
Krydderurter og luktevann som næring på Nedstrand Av Dagfinn Silgjerd
Bakeri på Nedstrand Av Sigmar Myrhe
Bedehuset – eit utruleg mangfaldig hus Av Arne Aurdal
Historien om unge Halvor Bådsvik Av Leif M. Bjørkelund
Den engelsk konsulen i Førre 9.april 1940 Av Hartvig Waage
Abel lever og leverer – om Nils Henrik Aabel Av S. Myskja/M. Losnegård
Brødrene Skogøy – Sagbruk med meir Av Einar Slogvik/Henrik Lackner
Skjold aldersheim Av Synnøve B Bjelland
Smeden i Førre Av Grethe Gamst
Det tragiske forliset til «Borgøygutt» Av Marit Tvedt
Bortkommen i tåka Av Margaret Stakkestad
«Eg hatar snø»! Om oppvekst og livet på Odland frå 50-talet Av Vidar Aarhus
Førre musikkorps 60 år Av Brit Iren Meland
Grinde skulekorps 60 år Av Liv Jorunn Frønsdal
Studentlærer på Eikje skule 1967-68 Av Inger Tønnesen
Konfirmantar 1969
Historielaget si årmelding for 2018