VINGESPENN 2018

VINGESPENN 2018

Du vil m.a. få høyra «Tysværtunet 25 år», «Rogaland konservesfabrikk», «Kvekarane 200 år i Noreg», «Hersen på Øverland», «Nedstrand kyrkja 150 år», «Ordførarkjedet» osb. Det heller ikkje i år berre eitt tema som går igjen i boka. –Likevel er det fleire artiklar som syner at 2018 er eit år med mange jubileum som er vel verdt å markera. Tidlegare kultursjef Ingvar Frøyland har skrive ein fyldig artikkel om Tysværtunet 25 år i år.  I kapitlet «Suksessen Tysværtunet», skriv han m.a.: «Eg opplever at det er ein gjennomgåande oppfatning både blant dei politikarane som fortener ære for planlegging og gjennomføring for 25 år sidan, for dei som har vore aktive i tida etter opninga, og blant dagens politikarar i Tysvær, at Tysværtunet har vore ein stor suksess som dei er svært stolte av. Det har vore ein viktig del av bygginga av kommunesenteret Aksdal, og det er blitt ein del av Aksdal sin identitet».Elles er det interessante tilbakeblikk på korleis ein henta impulsar utanfrå, korleis ein arbeidde i plannemnder, om protestar og motstand, om mål og ideologi for bygget, om striden om kva flygel ein skulle kjøpa m.m.. Ein får også fyldige kapittel om opning, drift, høgdepunkt gjennom 25 år og «Bestestova som hjarta i bygget». Andre jubileum har fått sin plass i boka:  Kvekarrørsla som er 200 år i år, og kvekarhuset på Stakland kan markera at det er 150 sidan det vart teke i bruk til eit større internasjonalt møte. Nedstrand-kyrkja er 150 år, og vi får ein artikkel som er henta frå jubileumsboka ein gir ut. Vi kan og lesa om Førre kyrkje som er 125 år. Det interkommunale kano-og kajakkanlegget i Tysværvåg er 25 år i år. Det blir framleis rekna som kanskje det beste anlegget for denne sporten i Noreg og arrangerer kvart år enten Noregsmeisterskap eller Norges-cup. Firmaet Wee på Frakkagjerd er 60 år i år og Førre Sanitetsforening er 70 – så dette er blitt ei «jubileumsbok»! - Men også med andre spennande artiklar som «Ordførarkjedet», «Hersen på Øverland». 

Tysværtunet 25 år   Av Ingvar Frøyland
Konstituering av Tysvær kommune    Av Thor Bjelland
Soga om ordførarkjedet    Av Borghild Yrkje
Nedstrand kyrkje 150 år    Av Nils Olav Østrem
Førre kirke 125 år    Av Tore B.L. Erland 
Skatollet på Staua fortel    Av Ingvar Frøyland
Sivert Gjerde - Misjonspioner i Kina    Av Liv S.Gjerde
Fattig og lite akseptert?  Kvifor far til Lars   Hertervig flytte til Stavanger   Av  Svein I. Langhelle
Kvekarane 200 år i Noreg    Av Vidar Aarhus
Øklandsbygdens kvinneforening    Av Marit Thorsheim
Hersen på Øverland     Av Sissel L. Myskja
Glimt fra historien til Stegaberg ungdomslag    Av Magne Olsen
Førre Sanitetsforening 70år    Av Anna Våge m. fl
Tysvær Kajakkanlegg 25 år    Av Bjørn Fjeldheim
Lars Skjold - motstandsmann -    Av Magnus Høie
Hervik Kraftlag     Av Ådne Bratthammer
Rogaland Konservefabrikk    Av Ådne Bratthammer
Frå torvmyr til fint industriområde    Av D. Hellesøy
 Wee-gruppen 60 års-jubileum    Av Willy Strømø
Sentrum i gamle Tysvær    Av Henny Tysvær
Gamle stedsnavn på Skeiseid -    Av Åse V. Hallingstad
Garden Vik - liv og lagnad    Av Enok Lauvås
Osmund Osmundsens     Av Marit Tvedt
Konfirmantar 1968   Ved  Liv / Marit / Sissel

04.02.2020 16.41