Tysvær Historielag er ein svært aktiv organisasjon i kulturlivet i Tysvær.
Den årlege iutgjevinga av Vingespenn er eit flott eksempel på laget sin aktivitet.
Gjennom 29 ulike artiklar er ein innom mange sider av Tysværsamfunnet si historie.
Her formidlar ein forteljingar om personar sine liv i fortid og notid.
I år har ein særleg eit fokus på kvinner. Her møter me Tysværkvinner i alt frå livet på glamorøs teaterscene til trufaste kvardagshandlingar i heimen eller gjennom dugnadsinnsats for fellesskapet i bygda. Å få ein plass i ei historiebok er ei ære. "Ærast den som ærast bør", heiter eit ordtak. Jamen fortjener både kvinnene i Vingespenn og mange fleire å ærast også i framtida.
Forteljingane i Vingespenn gir vidare oss lesare kunnskap om både skule og forretningsliv, om næring og samferdsel, om krig, politikk og utferdstrang. Ikkje minst den nyaste historia gir mange av ossgjenkjening og tankar om eigen oppvekst og eigne erfaringar. Slik er boka med på å kalla fram minne og kan vera verdifulle for den enkelte, sjølv om dei aldri får plass i ei slik bok som dette. Og kanskje kan slike nyoppfriska minne blitil nye artiklar i Vingespenn i åra som kjem. Ved å dela våre erfaringar og opplevingar, skapar me større breidde og mangfald i vår felles Tysværhistorie.
INNHALD
Fredrikke Nielsen Av Hartvig Waage
Mine sterke formødre Av Bente E. Borgen
Johanne Askeland Av Vidar J. Aarhus
Bjørg Førre Av Marit Thorsheim
Ingrid & Olav Grinde fortel Av Liv Samuelsberg
Min mor “Gnisten” Av Viggo B. Pedersen
Faddrasteinen Av Bernt Ø.Westre
Misjonspioneren Kvednamyr Av Ingvar Frøyland
Førre skole 150 år Av Hartvig Waage
Den lange skolevegen Av Thorleif Utvik
Førre bedehus 110 år Av Hartvig Waage
NM i friidrett på Nesheim 1917 Av Jan I. Thorsen
Joker Rasmussen 125 år Av Sissel L. Myskja
Tysvær Arbeiderparti 90 år Av Atle Heskja
Brev fra Cleng Peerson Av Per Qvale
Amerikabrev til Nedstrand Av Sigve Djursvold
Fra Telemark til Nedstrand Av Bjørg M. Grastveit
Søebonden på Toftø Av Dagfinn Silgjerd
Sildafiske innanfor slusa Av D. Hellesøy/O. Bådsvik
Nærstrand Meieri Av Sigmar Myhre
Ei sluse må til Av Tor Sigurd Selvåg
Foreldreaksjonen Av Nils Olav Østrem
Minner frå krigstida Av Hans Bringedal
Garden Hustoft Av Kåre Hustoft
Barneforeningar Av Borhild Yrkje
Førland skulekorps 50 år Av Håvard Førland
50 årskonfirmanter Av Liv / Marit / Sissel
Historielaget si årsmelding