Årboka 2016 har mellom anna fokus på at det er 150 år sidan Cleng Peerson døydde i Texas. I den samanheng er det fleire artiklar om Tysvær historielag si reise til Clifton i den samanhengen. Det blei ein fin sermoni ved grava til CP der ordførar Sigmund Lier la ned krans. Elles ynskjer vi å ha variert stoff frå heile Tysvær kommune slik at alle kan finna noko av særleg interesse. Vi meiner det er viktig å få fram næringslivsstoff både når det gjeld våre primærnæringar og anna næringsverksemnd. Vi er glade for å kunne ha med utdrag frå Haukås mekaniske verkstad si 50 års historie. Vi har og fått nytta stoff frå slektsboka om seilskuteskipperen Gudmund Landråk Handelsstader og postkontor er og ein del av næringslivhistoria som vi også vil gi smakebitar av. Det er også fint å kunne ha med personlege historier som skildrar både oppvekst, arbeidsliv og bygdelivet. Og så er det viktig å få fram tradisjonsstoff som ofte byggjer på munnlege kjelder som er i ferd med å forsvinna. Stadnamn er ein del av dette. Vi ynskjer å få fram lokale stadnamn i årbøkene framover. Vi startar med kart over alle gardsnamna i Tysvær og namn i Nedstrandsfjella. Det er vanleg å markera 50 årsjubileum for konfirmantar. I år er det fyrste året vi kan feira 50 årskonfirmantar i nye Tysvær kommune. Vi markerar dette med bilete av alle Tysværkonfirmantane. Kanskje dette kan bli ein fylgjetong? Sit du på stoff som kan egna seg for Årboka til Tysvær historielag, så høyrer vi gjerne frå deg!
INNHALD
Til Texas i Cleng Peersons fotspor
Reisedagbok fra Cliftonturen
Kaperangrepet på “Ryfylke Toldsted”
Hesthammar skule
Framtidssyner
Lærar på Hundsnes frå 1962
Språkstriden i Førre i 1955
Songsteinen og Dordisteinen
Vervarslaren Johan Nodland
Minne frå steinindustrien i Hervik
Ysteri på Nedstrand
Handelsstader i Tysvær
Postkontor
Slusevaktaren
Haukås mekaniske verkstad 50 år
Garden Amdal
Gudmund Seilskuteskipperen
Ei solskinshistorie
Historia mi
Førre tuberkulosehjem
Tuberkuloseheimen på Tveit
Alle gardsnamna i Tysvær
Til fjells i Nedstrand
Utsyn frå Havåsen
Hesten som blei berga opp av myra
Kva bonden hev å gjera
50 års konfirmanter
Historielaget si årsmelding