«For å skjøna notid og skapa framtid, må vi kjenna historien».
2015 er på mange måtar eit jubileums- og markeringsår for oss i Tysvær: • I år er det 190 år sidan sluppen «Restauration», - det minste fartøyet som nokon gong har reist over Atlanteren med emigrantar frå Europa til Amerika, segla frå Stavanger med 52 menneske om bord i 1825. 20 av dei var frå Tysvær. • I år er det 150 år sidan Cleng Peerson – den norske utvandringas far – fødd på Lervik i Tysvær, døydde og vart gravlagd i Clifton, Texas i 1865. • I år er det 70 år sidan Nazi-Tyskland sin okkupasjon av Noreg og den 2. verdenskrig var slutt. • I år er det 50 år sidan noverande Tysvær kommune vart oppretta.
I dette årskriftet er det ein eller fleire artiklar som speglar desse hendingane. I tillegg er det varierte artiklar frå mange tema og hendingar.
INNHALD
Tysvær kommune 50 år - et tilbakeblikk
Historiekveld i kommunestyresalen
Stadnamn i Tysvær
Andre verdskrigen i Tysvær
Noko som hende våren 1940
Vaktene på Kleibergsfjellet
Torpoderingen av M/S “Tosca”
Krigsseileren Emil Lundervold
Barndomsminne frå krigsåra
Hest og ryttar på potetkjellerdøra
Frå “Restauration” til bror min
Kvekarsenteret på Stakland
Tollboden
Kongebesøket på Nedstrand
Hulleborg Langballes kokebok
Grunnlovssteinen på Erland
Grunnlovssteinen på Sundfør
Octobernat paa Doggerbank
Sildefiske på 1800talet
Redningskøytebasaren på Hervik
Ein morosam dag i joli
Bjørn Søvik - Samfunnsbyggaren frå Grinde
Skipsbyggaren Ole Halvorsen Baadsvig
Veterinær på ville veier i Tysvær
Tysvær Kyrkje