Presentasjon av VINGESPENN 2020

Presentasjon av VINGESPENN 2020

Blest Litteraturfest, 31. oktober kl. 09:30
Gratis. Men det må tas ut billett på forhand.

Tysvær historielag og Nedstrand museums- og historielag vil presentera lokalhistorie frå eldre og nyare tid i Tysvær gjennom VINGESPENN 2020 som i år kjem ut for 6. gong.

Det vil bli presentasjon av artiklane, og forfattarar vil gje nokre av desse artiklane ei grundigare orientering. De vil få høyra om korleis det var då Statoil etablerte seg på Kårstø og kom i gang med gassproduksjonen der for 35 år sidan. For 40 år sidan ramma Alexander L. Kielland ulykka Tysvær sterkt. Vi vil markera ei rekke jubileum: Førre Trevare er 70 år, Tysværvåg og Straumen skular 50 år. Aksdal kyrkje er 25 år! Alle bedehus og ungdomshus i Tysvær blir dokumentert. Korleis var det å få Tollboda restaurert? Og kva var det dei fann på Topnes? Vi får fleire streke historier om personar frå eldre og nyare tider, m.a. frå 2. verdkrigen som blei avslutta for 75 år sidan. Vi har også interessant utvandrarstoff, både om kvifor dei drog og om dei som gjekk i deira fotspor i 2009. Dette og meir vil det få høyra om.

05.10.2020 16:14
lagt til handlevogn