bLest Litteraturfest, 1. november 2020 kl. 14:00
Billetter kan kjøpes her
Presentasjon av bøker frå Haugalandet og Sunnhordaland med historisk innhald.
Samarbeid med Haugesund historielag og Tysvær historielag
Blest Litteraturfest, 31. oktober kl. 09:30
Gratis. Men det må tas ut billett på forhand.
Tysvær historielag og Nedstrand museums- og historielag vil presentera lokalhistorie frå eldre og nyare tid i Tysvær gjennom VINGESPENN 2020 som i år kjem ut for 6. gong.
Les mer…Tysvær Historielag skal væra med i planlegginga av dette jubileet.
Idear og planar vil bli publisert etterkvart.
Saman med representantar frå andre historielag og sogelag i Rogaland og til dels i Hordaland, vart vår eiga bok «Vingespenn» presentert. Dei andre historielaga hadde også publikasjonar som dei kunne visa fram. Eit godt samarbeid for å få fokus på historia i vårt distrikt.
Les mer…LANSERING av Tysvær Historielags årbok
Lørdag 9. november kl. 09:30
Nygårdssalen, Tysværtunet
Les mer…Det var også i år mange som møtte opp på den årlege kveldsstunda på Hesthammar skule. Tilhøyrarane fekk vita meir om gamle skuleordningar og korleis den faste skulen kom i drift.
Særleg begeistra var publikum over songar og salmar som vart framførde av kvedaren Martha Birkeland, som også krydra framføringa med små soger.
I år var denne marsjen ikkje lagt i Cleng sine fotefar, men ein god gjeng interesserte fekk gå den gamle Prestevegen.
Tysvær historielag arrangerte medlemstur med meir enn 20 dektakare til Bømlo med Arne Gjerde som dyktig guide.
Vi fekk m.a.
Omvising i Moster gamle kyrkje
Oppleva Kullseidkanalen
Sjå Gullgruvene på Løkling
Omvising i Moster bygdemuseum
Omvising i Wichmann-smia
Oppleva Moster Amfi
Tysværdagen vart i år arrangert den 25. mai.
Saman med fleire titalls utstillarar, hadde Tysvær Historielag fått ein grei plassering på messeområdet på Lars Hertervigsplass. Særleg viktig er det å promotera laget og fortelja om arbeidet som blir utført. I år fekk laget fleire nye medlemmer.
Turen vart gjennomførd på vårparten, med svært får deltakarar i surt regn. Men det var interessant å sjå den gamle tomta og restane av leidangsnaustet for dei frammøtte.