"For å skjøna notid og skapa framtid - må ein kjenna fortida".

”Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie ved å samla inn og ta vare på historie og tradisjonar som kan fortelja ettertida om dei vilkår folk i Tysvær og tilstøytande bygdelag har levd under gjennom tidene.
For å nå dette målet skal laget samla inn skriftleg og munnleg materiale, bilete, tradisjonar og minneoppgåver, stadnamn og ord som er eller har vore i dagleg bruk i lokalsamfunnet.”
Dette er § 2 i vedtektene for Tysvær historielag. Denne paragrafen er grunnlaget for arbeidet vårt.